Dei rare, skjelvande strengene frå inne bak auga til inst i magen ein stad Med smak av lipshine på tunga og lukta av valcrema i vibrerande nasebor Kan nokon stoppa klasseromet? Det gyngar opp og ned Skal det då aldri bli friminutt?
Bjørker og nymalte hus Det kvite og det grøne Eit vibrerande landskap for augene mine Eg finn eit syrinfarga hol i dagen og flyg Bak den siste åsen Kryp eg inn i ei solsikke som strekkjer seg mot Gud Der bur eg i fred ei veke eller meir Så veit ingen kva som hender.
Dei strikkar på toget kvinnene Strikkar sjølve livet fast i gult og lilla ullgarn Forbi dei nakne trea dei kalde vatna den syngande hausten Smilande, tause sfinxar Strikkar seg over fjella.
Det er eg som skjønar tida mi er komen. Det ytste skalet er allereie knust til små hjelpelause bitar. Dei kallar det noko anna For meg kjenst det mest som å døy Ein av desse dagane er det eg som kjem Aleine med tome hender.