onsdag 16. mars 2011


Dei rare,
skjelvande strengene
frå inne bak auga
til inst i magen ein stad
Med smak av lipshine på tunga
og lukta av valcrema
i vibrerande nasebor
Kan nokon stoppa
klasseromet?
Det gyngar opp og ned
Skal det då aldri
bli friminutt?


Heidi

Inn i ei solsikke



Bjørker og nymalte hus
Det kvite og det grøne
Eit vibrerande landskap
for augene mine
Eg finn eit
syrinfarga hol i dagen
og flyg
Bak den siste åsen
Kryp eg inn i ei solsikke
som strekkjer seg mot Gud
Der bur eg i fred
ei veke eller meir
Så veit ingen
kva som hender.

Heidi

(Bilete frå Flickr commoms)
Heidi

Ta på meg


Ta på meg
i det skarpe morgonlyset
Ta på meg
og fyll bølgjene mine
på ny
med mot.


Heidi

Blå skuggar



Angsten min
kastar blå skuggar
mot kvit snø
Noteliner
der fuglane skriv
med enkle fotspor
Melodiar om sorg
og elskhug
Over den kvite æva.


Heidi

Kvinnene strikkar på toget


Dei strikkar på toget
kvinnene
Strikkar sjølve livet
fast
i gult og lilla ullgarn
Forbi dei nakne trea
dei kalde vatna
den syngande hausten
Smilande, tause
sfinxar
Strikkar seg over fjella.

Heidi

Leit etter meg


Leit etter meg
i gatene
Rop på meg
frå høge hustak
Fortel meg
at her
høyrer eg heime.

Heidi

Aleine ut


Det er eg som skjønar
tida mi er komen.
Det ytste skalet
er allereie knust
til små hjelpelause bitar.
Dei kallar det noko anna
For meg kjenst det mest som å døy
Ein av desse dagane
er det eg som kjem
Aleine
med tome hender.

Heidi

Gutane



Gutane var alle stadar
med håsare skrik
enn skremde kråker
den vinteren
Flaksa skadeskotne i kring
i overdrivne eimar av Brut for men
Virrande vadefuglar med for lange bein
i siselerte platåsko
Mannlege loreleiar
som greidde håret med grøne kammar
i engelsktimane
Under knaggerekkjene
i dei lage gangane
sette dei langskafta svarte paraplyar
kring leggane våre
og lo.

Heidi

Dei farlege orda


Dei farlege orda
åt seg gjennom tankane
og strødde sengeteppet
med små kantete bitar
av knekkebrød
Om kveldane
stengde eg bråket ute
La meg flat på senga
og leita etter tonane.


Heidi

Dei vaksne


Dei vaksne
høyrde ikkje lenger
melodiane mine
Kanskje dei kjende
barnet
eg eingong hadde vore?
Så lite de veit,
så utruleg lite
tenkte eg
og vaska
brun saus av grytene
slik dei bad meg om det.

Heidi

Blodet



Blodet
var så mørkeraudt
der det banka
rytmisk forbi
lengst inne
i øyrene ein stad
Eg stramma kjenslene
fastare kring livet
Tenk om dei flaut av med meg
og nokon kunne sjå det.


Heidi

Eit hjarte ein stad der inne



Greinene på det store treet
har fått hender
Hender som vil ta på meg
Naglemerka
i det rare lyset der ute
Regnet har kalde kyss
og kalde tankar
Dei store trea gret
aleine om nettene
Pulsslaga hamrar meg fast
Kjem dei frå eit hjarte
ein stad der inne?

Heidi

Orda kom


Orda kom
frå open himmel
Overraskande kraftfulle
Uutgrundeleg milde
Aldri før var eg så naken
Dei skriv på sjela mi
tenkte eg
Utan heilt å vita at eg tenkte
Ubeskytta lengtande
fraus eg på heilag jord.

Heidi

Eg leita i alle tome kyrkjer


Eg leita i alle tome kyrkjer
i det merkelege suget
frå tende
og utende altarlys
Kunne noko som lukta maling
likevel vera heilag?
Eg knelte over alt
På offentlege toalett
med olbogane mot doloket
Kjende som i feber
kleda mot huda mi.
Eg snubla og leitte
Forviten og skremd
Eit framleis falmande barn.


Heidi

fyll mine tome ord



Kom inn til meg i dagen
Fyll mine tome ord
Med bit for bit
av den varmen
eg ikkje torer viser fram.


Heidi

Rakt til himmels


Musikken
tek meg
rakt til himmels
Taket i kyrkja opnar seg
Alt er annleis
Engelen på altertavla
lyfter trompeten
mot brennande lepper
Veggene finst ikkje meir
I oss er fred.

Heidi

Der


Det er mitt eige hav
som stig og søkk
I mitt gyngande sinn
finst flo og fjøre
og flo på ny
Der er det
eg skal møta deg.

Heidi

Snart, men ikkje endå



Dei krinsar om meg
Fuglane
med forte
krevjande vengeslag
Små elektriske støyt
i hemmelege banar
langs kroppen min
Snart
Men ikkje enno
skal dei byggja reir i håret mitt.

Her skjer eit under



Me snublar
og snublar i trinna
men i tyngda
frå kropp og ryggsøyle
kjenner me rare rytmar
frå ein stad bak anatomien
Inga skam å vera engsteleg
Me bøyer hovuda og dansar
Her skjer eit under.


Heidi

Til oss er du fødd




Smil av mine smil
Songar av min song
Men røysta er di eiga
Han velsigna deg
med namnet Menneske.
Måtte dine skrik
berast med måkar over engene
Måtte myrulla dansa
i månelys i natt
For til oss er du fødd.


Heidi

Dotter mi er du



Ein knopp
Ei bivrande blåklokke
i julivind
Dotter mi er du
med avgrunnsdjupe auge
og lukter av honning
og nybakt brød
Mjølk skal renna
av mine bryst
Og bøner sviva
over vatna i mine djup
I yre trøytte tankar
spinn eg tepper av draum
til å sveipa deg i.

Heidi

Den dagen



Den dagen
medan grashoppene spela
vart brødet brend i omnen
og barnet skreik og skreik
hadde vondt i magen visst
Gyngande av svevnløyse
bar me ho på skift
på eit lattermildt
ustødig kjøkkengolv
då kaffien kokte over
Oppvasken hadde ingen nådd fram til
Medan dei melde
nye varme dagar
snubla eg
over solluktande laken
på veg til barnet
som skreik og skreik
hadde vondt imagen visst.

Heidi

mandag 14. mars 2011

Ut i lyset



Men så kom sola
gjennom dei skitne vindua mine
Eg stengde døra
til den fulle vaskekjellaren.
og kyste barnet
hardt på truten.
Me snubla oss over støvsugaren
ut i lyset.
Gøymde alle husnøklar
og plukka kvite blomar.

Heidi

Men så kom sola gjennom dei skitne vindua mine Eg stengde døra til den fulle vaskekjellaren

Det snør frå epletreet


Det snør frå epletreet
og barnet har brune krøller
Lette kvite fnugg
mot det grøne graset
Det blømar
av lilla sommarkjolar
ei skrikande gummisvane
flyg mellom trea
Sommaren har bare føter
og frekner på armane
Her er det god plass.


Heidi

Fire i talet


Dei veks som ville blomar
fire i talet,
små forvitne aspargesar
fulle av spørsmål
eg ikkje hugsa fanst
provoserande små viljar
som bit seg fast etter tennene.
Mjuke og nybada
i utvaska pyjamasar
med håret
framleis fuktig etter kveldsbadet.
Seglande ein stad
mellom paradis og hattifnattøya
med trollmannens flosshatt
hemmeleg gøymt
under kvar si hodepute.

Heidi

To sovande barn



To sovande barn
mellom kjærasten min og meg
Prustande snøftande
med bamsar på brystet
Me legg oss i utenkjelege vinklar
for å få plass
veit dei burde berast ut
men sparkande varme
held dei oss vakne
i gyngande halvørske
let me tankane berast
av trygg tung barnepust
til me sovnar lukkelege
ein gong utpå morgonkvisten.

Heidi

Sjuk jente



Ho skjelv i feber
Hutrande på sofaen
med kvitt sveitt hår
klistra mot ansiktet
Vrir seg
med vilske i blikket
Smal solbrun barnekropp
med morellmjuke kinn
Ei stålfjør
av viljestyrke
Slapp og avspent
av feberørske
Har gløymd
at ho likar bringebærbrus
klamrar seg tappert
til si avsky
for febermål
og paracetamol for barn.
La vinden rida høgt på sky
og stjerner lysa kvite.

Heidi

Dagane et meg langsamt



Dagane et meg langsamt
tygg meg
med skarpe små tenner
Må gjera kroppen stor
skal han rekkja til alle
krypande kravlande barn
fråtsande i kjærleik
Med pensum svivande
over arbeidsdagen
deler eg ut
plaster i matpausane
til slutt
bak bunker av nyvaska klede
syg minstemann brysta mine tome
Eg rekk å samla saman restane.
før eg sovnar
i god tid før kjærasten min
akkompagnert av vekkerklokka
trufast tikkande
mot ny dag.

Heidi

Barna utan mor



Om kveldane
kjem barna utan mor
og stirar tomt på meg
frå ein krok i stova
Fyllar brysta mine
hjelpelaust
med mjølkespreng
og klorer flenger
i huda mi
Dei utfordrar mi likesæle
og kviskrar
at dei kjem meg ved
Herre Jesus Kristus Guds son
ha tol med oss.

Heidi

Tornerose



Bak svevnen
sin sjuande port
kjem du til meg
med orda eg hadde gløymt
for første gong
på hundre år
ser eg blikket ditt
og kjenner deg att.
Oftare
skulle me møtast.

Oliven ost og egg




Oliven, ost og egg
Det er du
som er komen til meg.
Tankane legg me på bordet
mellom smøret
og brødkorga ein stad
medan me sender
bukettarav levande ord
i fanget på einannan
Det er så lenge sidan nå
men orda skal vekkja oss
og her skal du bu
kvar gong du kjem forbi.

Heidi


Alle dei
eg kjende så godt
for lenge sidan
eller nå
skal eg samla ein kveld
sist i mai
med blå duk
under ein gammal kvit syrin
Når kvelden angar
som sterkast
av blomar, mold og gras
skal eg smila
noko hemmeleg
til kvar og ein
som kom meg nære
og strødde sol
på tankane mine
før eg kviskrar
dei useielege orda
eg alltid skulle ha sagt
ut i mørkret
og spring.

Heidi

Kveld



Lys over lys
heilt til himmelen bleiknar
over sothøner og siv
i mitt kveldssvale landskap.
Skulle her ikkje
eingong
ha vore moreld?
Skulle ikkje nokon
ha brukt den kvite fargen meir?

Heidi

Mellom alle orda



I den stille togna
mellom alle orda
kjem eg meg sjølv nære
og kjenner at det er godt
Maikvelden pustar
inn gjennom det opne glaset,
dynetrekka eg likevel
fekk hengd opp
er stolte segl
på veg mot natta.
Mot steingarden
bak galaksar av frekke gule løvetann
fem ranke tulipanar på tå
nære ved å opna seg
så noko har eg då fått til
seier eg halvhøgt
og skåler
med meg sjølv
med det hankelause tekruset.

Heidi

Kallet til å elska


I mine opne hender
alt eg ikkje gjorde
som ein kvit oblat
ingen skal få knusa.
I det sterke reine lyset
kviskrar Gud
eit kall på ny,
det djupaste av alle kall
kallet til å elska.

Heidi



Ho et appelsin i regnet
safta rennande
nedetter haka
saman med kalde regndropar
Med ei tåre
i den eine augnekroken
og eit smil i den andre
har ho sprunge vekk
frå dei andre
for å strikka seg
eit liv med rettmaskar.
Ho tel sine barn
tre fødde og eit ufødd
og veit
frå landet langt borte
skal ho
strikka seg til verdens ende
og dei vrange maskane
skal ho klara
kvar gong ho absolutt må.

Heidi

Dei kvithåra barna mine


Det er bare
dei kvithåra barna mine
Spedlemma
med tusen våte munnar
og tallause små
snørrete nasar
snusande
mot halsgropa mi
Det er bare
dei tusen songane.
og alle spørsmåla
dei formulerte
og dei ordlause.
Det er bare
mjuk hud
og ivrige fingrar
med litt for lange negler
Det er bare
lukta av barnehår
Det er bare
dei kvithåra barna mine
Som lyser langs vegkanten
Når du leiter etter meg
i kveldsskyminga
Ein av dei har frekner.

Heidi

Ei ørlita sol


Kor mykje liv
eg ber med meg
veit eg først
i desse bankande
vonde sekunda
då livet stansar opp
og alt blir stille
Universet mitt
har gått i stå
Eg veit
eg skal vidare
denne gongen og
Vissa om alt eg har i hendene
gjer meg brått så usikker
Eg virrar skremt ikring
ei ørlita sol
mellom svarte stjernetåker.

Heidi

Eit hol i dagen



Eg sviv
forviten rundt i gatene
Ser han har hestehale
og sykkel
Kjærasten
tenner sigaretten hans
ein lett eim av alkohol
ullsokkar i dei slitne sandalane
så mange liv
sjølv får eg bare
bu i eitt av dei
eg smakar på dagen
i den uventa pausen
på busshaldeplassen
eit hol i dagen
eit markjordbær frå himmelen.

Kven er de som går og går
og alltid kjem til bleiepakken?
spør eg meg sjølv
og ser bussen koma.
der borte i svingen.

Heidi

Slik at me kan finna fram




O du Guds lam,
Som ber all verdsens synder
Ver hos oss
I lyse netter
og i tørste kveldar
når tanken er for trøytt til å bera
Alt som trengjer på
frå utsida og innsida.
Me tørstar etter liv,
svirrar som forvirra bier
lurer på om me har funne fram.
Turistar i liv
som tek solbrillene av
når lyset svinn
og lurer på kva dei såg.
som trøytte statuer
forvirra over at me faktisk rører oss
søkjer me deg som er.

Sjå i nåde til oss
og til barna me eingong var.
Miskunna deg over oss
og tenn stjernene
slik at me kan finna fram.

Heidi

Det er ein torsdag
klokka ti over sju
at det allminnelege
skal gjerast heilag.
Guds pust
inn i kjøkkenet
gjer sukkerskåla
til ein salme
og bringebærsyltetøyet
til ein sommar
Brunosten er noko nær
eit sakrament
Me deler brødet
Heilt til mjølka
frå glaset ditt
flyt saman
med honning og brødsmular.
Me gløymer å skjenna,
og tenner lysa i begge auga dine.

Heidi

Ei hymne til alle
dei herleg uperfekte
som vågar seg ut på gata
utan colgatesmil
ringar av sjølvtillit
og velordna karakterbøker.
Til alle dei som med trass
og nakne hjarte
frekt gulhåra som løvetenner
lyser opp
i våre alt for perfekte hagar.
Dei som klemmer ukjende på bussen
og syng i butikkane
Dei som går med revepels
rundt halsen
i varmaste august
og vaklar på
stiletthælar i påskeføre
Sjeldan spør nokon dei
kven dei er
før dei er heilt aleine.

Heidi

Eg då?



Mormor mi song
aldri på gata
dansa aldri
på eit einaste bord
så vidt eg veit.
Mor mi spela
ikkje cello
brukte ikkje
store hattar
og kjøpte seg aldri
trompetar og saksofonar.
Håret hennar var alltid kort
Kor vil dei senda meg hen
med mitt lange flokete hår?

Heidi


Guds lam med fane
direkte frå Kanaan
rett gjennom dagen min.
Kven går med sandalar
gjennom rosebeda?
For det eg veit
kan nokon av måkane der borte
visa seg å vera kvite duer
ein kvit benk i graset
der ei lita svart bille
brukar ein prikk av eit lysår
på å krypa over setet.
eg sit og gjer ingenting
Her vil eg vera.

Heidi

Ta vare på lyset
som stråler
frå auga dine
i spegelen
Ikkje la dei nå deg
med penslane sine
dyppa i reklame
og fastlåste sjablongar.
Ikkje la dei røra deg
med dei grøne
plastslangane.
La dine tusen ansikt bløma
nakne, sårbare og levande.

Heidi


Om det var meg
som fanga tonane i ei saksofon
og sende dei ut at
med slik kraft
at alle tankar
måtte vibrera av lukke
om det var meg som spela
slik at store tre dansa
og trøytte fuglar lyfta vengene
då skulle du setja deg til pianokrakken

saman skulle me
kasta tonane ut
lyset frå Gud
i ei kule av krystall
og ikkje skulle ho få knusa.

Heidi

Foto: Library. Flickr commons

Gjennomsiktig
som av glas
er eg
i ditt lys
overraska
over eigen transparens
skimtar eg naglemerke
i dei glasklare handflatene
og skjelv.


Heidi




Når pusten min
til forveksling
liknar pusten
til ein annan
og grensene kring meg
løyser seg langsamt opp
kjenner eg andre hjarteslag
høyrer underleg kjende
fottrinn nærma seg
i mørkret
bak mine senka augnelok.

Heidi

Vakrare



Som hadde eg
eit musikkinstrument
eit flygel kan henda
i eit hemmeleg rom
inst i kroppen
og høyrde nokon spela
bortanfor kjende notesystem
hinsides allmenn musikkteori

Vakrare.

Heidi

Pinsedag


Pinsedag med blomar,
varme handtrykk,
små pinseunder i kyrkjebenkene,
mellom sommarkjolane
og dei kvite mannfolkskjortene med slips
så brenn nattverdsvinen
seg inn i strupene våre
og postludiet sender oss ut
til minibankar
og Colaautomatar.

Heidi